Leiande produsent av sand, grus og pukk.

Våre tenester

  • Fraksjonar

    Vi har eige laboratorium på anlegget, og våre produkt vert levert etter grundige kvalitetskontrollar.
    Vi er sertifiserte i kontrollrådet for tilslag til betong NS-EN 12620.

    Det vert stilt strenge krav til betongtilslag. Vi er stolte over å produsere tilslag i høg og jevn kvalitet.

    Vi kan også utføre siktekurver på bestilling frå kunde.

    Standal Knuseverk AS har godkjend fallsand til skular og barnehagar.

  • Transport

    Vi transporterer alt innen sand, singel, pukk og grus. Fleire av maskinene i maskinparken har minimalt med utslepp - Euro 6.

    Opplasting på anlegget skjer med hjullastar.

    Hjullastarane har godkjende vekter som vert kontrollerte etter dei krav som føreligg.
    Veien over Standaleidet er no heilårsvei og avstanden frå Standal til Ørsta sentrum er kort.

  • Utskiping

    I naturskjønne omgivelsar i Hjørundfjorden ligg vår utskipningskai, der båtar opp til 10 000 tonn og meir kan leggje til kai ved Standal. Vi skipar ombord med lastebilar og hjullastarar, og har ein lastekapasitet på 800 tonn pr. time.

    Standal Knuseverk AS har avtale med Møre Sjø AS som har to båtar. Møretind og Hopsfjord som lastar 1200 og 1300 tonn.

    Avstand Ålesund - Standal er 20 nm.

Kontakt oss


Send oss gjerne ei melding om du har spørsmål til nokon av våre produkt eller tenester, så kjem vi tilbake til dykk så snart som råd.